Hopp til innhold

50 000 elevar må reise meir enn ein time i buss

I det stille har 630 skular blitt lagt ned. Dette er ei reform ingen har vedteke, seier forskar.

Nesse skule

NEDLAGD: Nesse skule vart skule nummer 28 som er lagt ned i Sogn og Fjordane. Borna ved skulen får ein times skuleveg til hausten.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Krava til borna er større enn for vaksne når det gjeld reisetid. For meg er det heilt utruleg, seier Senterpartiet sin gruppeleiar i Balestrand, Arstein Menes.

For eit par månadar sidan vart Dalen skule i Naustdal lagd ned. Og førre torsdag vart altså Nesse og Fjordtun oppvekstsenter i Balestrand nummer 27 og 28 i rekka av grunnskular som er nedlagde i Sogn og Fjordane dei siste 10 åra.

Torodd Fagerheim

LANG REISETID: Leiar i Landslaget for nærmiljøskular, Torodd Fagerheim, seier over 50 000 born har meir enn ein time skuleveg.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Reisetida er avgjerande

Det er spesielt lange reiser til skulen som opprører foreldra i Balestrand.

– Eg blir rett og slett dårleg og kvalm ved tanken på at guten vår på seks år skal sitte så lenge på buss, sa Renate England etter vedtaket.

Foreldra i Balestrand er langt frå åleine, seier Torodd Fagerheim i Landslaget for nærmiljøskular.

– Det sit i dag ungar på buss i meir enn ein time. Meir enn 50 000 barn har det slikt her til lands, seier Fagerheim.

630 skular nedlagde

Ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet var det 516 færre offentlege grunnskular hausten 2014 enn det var hausten 2002. Fordi ein del skular er oppretta, er talet nedlagde skular langt høgare. Totalt er over 639 skular nedlagde sidan 2002.

– Bussreisene er helseskadelege, det er påvist av helseforskarar og fysioterapeutar. Å sitte på buss forverrar den daglege, men også langsiktige helsa til borna, seier Fagerheim.

Professor og skuleforskar Rune Kvalsund kallar det den stille, eller tause reforma. Reforma ingen har vedteke.

– Det er den massive sentraliseringa av dei små skulane og det faktum at desse nedleggingssakene blir behandla som enkeltsaker på kommunenivå og på krinsnivå. Dei blir ikkje løfta opp på eit nasjonalt nivå og sett i samanheng, der ein kan vurdere kva ein vinn og taper på det, seier Kvalsund.

Kostar meir enn dei vinn

I dag betalar fylkeskommunane 75 prosent av skuleskyssen for ungar skal skyssast til større skular. Kommunane berre 25. Hadde pengane for skyssen gått rett frå staten til kommunane, og ikkje innom fylkeskommunen, hadde mange grendeskular fått leve, meiner Fagerheim.

– Ved å sjå på tala ville dei fleste kommunane ganske fort finne ut at dei fleste skulenedleggingane vere ulønsame. Det kostar dei meir enn dei vinn.

Harald N. Offerdal

LA NED SKULE: Ordførar i Balestrand, Harald Offerdal, var med på å vedta skulenedlegging i førre veke.

Foto: Stig Indrebø / NRK

I Balestrand seier arbeidarpartiordførar Harald Offerdal at dårleg kommuneøkonomi gjorde det nødvendig å legge ned skulane. Han vil gjere kvardagen med reise best mogleg for dei små elevane.

– Det er ikkje noko god løysing, men eg satsar på at kommunen finn gode løysingar.

For forelder og lærar ved Nesse oppvekstsenter, Gunn Linde, er det inga trøyst.

– Det er små ungar som skal sitte inntil ein time på bussen. Kvar einaste dag. Eg er veldig skuffa.