Hopp til innhold

Lageret var så smekkfullt at politiet måtte halde hittegodsauksjon

Syklar, gull og kamera forsvann raskt då lensmannen i Sogndal heldt hittegodsauksjon. Fleire hundre hadde møtt fram for å by på attgløymde gjenstandar.

Bli med på hittegodauksjon hos lensmannen. Foto: Christian Blom

POPULÆRT: Mange hundre var innom hittegodsauksjonen i Sogndal i dag og staten tente fleire titals tusen kroner på gjenstandar som folk har mista eller gløymt.

Heile 110 gjekk under hammaren då lensmann Trond Arne Aglen opna opp garasjen ved lensmannskontoret. Mellom dei var 50 syklar.

– I dag hadde vi mange syklar, men også kamera, iPodar, kikkertar og gull som smykke og ringar, seier han.

Fekk ikkje igjen dørene

Hittegodsauksjon i Sogndal

DYRT UTSTYR; Kamera og objektiv var til sals under auksjonen i dag.

Foto: Christian Blom
Syklar på hittegodsauksjon

50 SYKLAR: Mange fullt brukbare syklar har stått ved lensmannskontoret. No har dei fått nye eigarar.

Foto: Christian Blom

Gjenstandar som blir funne, hamnar ofte hos dei lokale lensmannskontora. Lite av dette blir etterlyst og henta av eigarane. Difor må det gjennomførast auksjonar.

– Når gjenstandar ikkje har blitt henta på tre månader, kan vi selje dei på auksjon. Det er fleire år sidan sist, så no var lageret så fullt at vi knapt fekk att dørene, fortel lensmannen i Sogndal og Leikanger.

Fleire hundre personar kom innom garasjen ved lensmannskontoret. Og folk baud over kvarandre.

– Det var damer som ville ha gull og klokker og ungdommar som ville ha syklar. Det var populært alt saman. Vi hadde gjenstandar som starta på 200 kroner og som enda på 2000, fortel han.

Blind bodrunde på våpen

Det var også ein del våpen som var lagt ut for sal, men som ikkje var del av sjølve auksjonen i dag. Det er våpen som har blitt henta av politiet hos folk som ikkje lenger kan ha dei.

– Desse blir selde på vegner av eigarane. I dag fekk potensielle kjøparar sett våpena og dei hadde moglegheita til å komme med skriftleg og anonyme bod i ein såkalla blind bodrunde. Vi fekk inn mange bod på våpena, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hittegodsauksjon i Sogndal

MANGE VÅPEN: Dei som ville, kunne by på våpen i ein såkalla blind bodrunde.

Foto: Christian Blom

– Vi har det veldig godt

Det at godt over hundre gjenstandar blei selde i dag, får lensmannen til å gjere seg nokre tankar.

– Det viser at vi er eit rikt land når folk kan miste objektiv eller syklar og ikkje hente dette. Det er i praksis ingen som kjem til eit lensmannskontor og spør etter mista gjenstandar. Det seier vel litt om kor godt vi har det, seier han.

Men samstundes er han glad for at så mange møtte opp i dag og ville sikre seg brukte gjenstandar for ein rimeleg penge.

– Det som blei selt i dag var fullt brukbare gjenstandar. Det er bra at folk ser nytte og verdi i det. Alternativet er destruksjon. Eg oppmodar folk om å ta kontakt med lokal lensmann om folk saknar noko. Det finst mange ærlege sjeler som kjem og leverer inn det dei finn. Ein tapt gjenstand treng ikkje vere tapt.

Ingen vil ha buksa

Aglen tykkjer det var kjekt å vere auksjonarius og å få så mykje folk innafor dørene på lensmannskontoret. Men kor mykje pengar dei fekk inn, har han enno ikkje oversikta over.

– Eg veit det blei seld gjenstandar for fleire titals tusen. Desse pengane går til staten.

– Er det noko som ikkje blei selt?

– Vi sit att med ei brukt bukse og tre eldgamle syklar. Elles forsvann alt i dag, seier ein nøgd lensmann.

Hittegodsauksjon i Sogndal

FEKK INN MYKJE PENGAR: 110 gjenstandar blei selde, alt frå 20 til 2000 kroner.

Foto: Christian Blom