Målet er å etablere ei bedrift med rundt 50 arbeidsplassar når smelteomnane vert stengde om to år.
Hydro vil ikkje ut med namnet på nokon av bedriftene, av frykt for at interessentane skal trekkje seg. Tor Geir Engebretsen i Hydro si prosjektgruppe seier det er snakk om børsnoterte selskap som absolutt ikkje vil ha noko av at planane lekkjer ut, ut frå konkurranseomsyn.
Har bruk for kompetansen
Men at dei aktuelle bedriftene vil ha bruk for kompetansen til dei som i dag arbeider i C-hallen, kan informasjonssjef Thomas Knudsen i Hydro Aluminium stadfeste. Dermed kan brorparten av dei 72 arbeidarane som i dag jobbar i C-hallen sleppe å gå ut i arbeidsløysa når Søderberg-omnane skal ut av drift om drøye to år. For Hydro let ikkje andre flytte inn i C-hallen med mindre det er ei ny industribedrift som kan skape nye, langsiktige arbeidsplassar i Høyanger.