Denne veka blir underskriftslistene lagt ut i alle kommunar i fylket, og målet er å doble talet på underskrifter.
Fylkesleiar i Venstre, Rolf Nesheim, seier det er Arbeidarpartiet som strekar i denne saka, og at nøkkelen er å få dei til å gå inn for Florø.
Nils R. til Oslo
Fylkesordførar Nils R. Sandal skal møte den politiske leiinga i justisdepartementet 2. mars. Han har venta på ein dato for dette møtet i over ein månad. No håpar han å kome eit steg nærare realisering av basen.
- Vi kjem til å presisere veldig sterkt at vi ventar at vedtaket om å leggje basen til Florø vert følgt opp, også finansielt, seier Sandal.