Hopp til innhold

400 tonn avfall ligg att

Vest Tank har teke for lett på oppgåva, meiner SFT.

Ryddearbeid ved Vest Tank
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Bedrifta har kanskje undervurdert problema med å bli kvitt så svakt forureina masse. Samtidig som aktørane i marknaden vegrar seg mot å ta i mot avfall som luktar fordi at i den behandlinga dei skal gjere vil det vere ein periode med lukt der massane kjem, seier seksjonsleiar i Statens Forureiningstilsyn, Bjørn Bjørnstad.

Upopulært materiale

Det illeluktande avfallet som framleis ligg framfor oljetankane i Sløvåg, er upopulært materiale. I nabolaget til tidlegare Vest Tank vart naboane sjuke av den sterke gasslukta. Og mottaka rundt om i landet har difor kasta inn handkleet ein etter ein; ingen vil ha 400 tonn med avfall frå Gulen. Statens Forureiningstilsyn sette sist ein frist til 1.mai. Men heller ikkje då klarte Alexela Sløvåg å komme i mål. Dagleg leiar ved Alexela Sløvåg, Håkon Ivarson, gjev media ein stor del av skulda for at avfallet framleis ligg i Gulen.

- Avfallet i seg sjølv er korkje giftig eller farleg, men det har hatt denne karakteristiske lukta som har vore kraftig i Sløvåg tidlegare men som no er kraftig redusert. Når folk høyrer at det kjem frå Sløvåg så knyter dei det opp til medieoppslaga som har vore om lukta og vegrar seg for å ta mot, seier Ivarson.

Blir ikke kvitt Sløvåg-avfall

Møtest i dag

I dag møtes SFT og Alexela Sløvåg for å prøve å finne ei løysing. For ifylgje SFT er det verksemda sitt ansvar å bli kvitt avfallet, og så lenge dei har gyldige grunnar, kan avfallsfjerninga dra ut i tid. Men før sommeren er over, skal det vere avfallsfritt på gamle Vest Tank tomta, seier Bjørnstad.

- Korkje bedrifta eller SFT er innstilt på at desse massane skal liggje i Gulen over sommaren, seier Bjørnstad.