NRK Meny

369 flyktningar busette i fylket

I 2017 blei 369 busette i Sogn og Fjordane, ifølgje Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi). Det totale talet for heile Norge var på 11.000 i fjor. –Det er eit godt samarbeid med kommunane, og det gir resultat. Ventetida blir kortare og talet på flyktningar i mottak går ned. Nå må vi sørge for at flyktningane kjem i jobb og blir ein del av lokalsamfunnet, seier direktør Libe Rieber-Mohn.