Hopp til innhold

280 utan arbeid i fiskeindustrien

280 tilsette i fiskeindustrien her i fylket er permitterte etter at vintersildsesongen no er avslutta.

Samleband for makrell
Foto: NRK

Korte silde- og makrell-sesongar har i mange år ført til langvarige permitteringar i denne industrien. Men administrerande direktør Gunnar Domstein i Domstein Pelagic meiner at meir vidareforedling av sild kan forlenge sesongane vesentleg.

- Det er sild som er det store potensialet for næringa vår. Skal vi ha vekst og auka sysselsetjing, så dreier det seg om å utnytte silda på ein optimal måte, seier han.

Tung periode

Med 280 permitterte går dei åtte verksemdene som tek imot sild og makrell her i fylket no inn i ein tung periode. Etter avslutninga av vintersildfisket vert det neppe ny aktivitet i desse lokala før Nordsjøsildfisket startar opp i mai.

Jamnare sysselsetjing

Det er silda som er størst og betyr absolutt mest i den pelagiske fiskeindustrien her i fylket. Og Gunnar Domstein seier at den nye filetfabrikken deira på Trollebø vil auke sysselsetjinga.

- Når den nye avdelinga med filetmaskinar er klar til hausten, vil arbeidsstokken få ei mykje jamnare sysselsetjing gjennom heile året, seier Domstein.

Høge tollsatsar

Ordførar i Vågsøy, Roger B Silden, er også styreformann i fiskeindustriverksemda Måløy Seafood.

- Får vi til meir vidareforedling kan vi forlenge sesongen. Men då gjeld det å få marknadstilgang. Det er ikkje enkelt å konkurrere i EU med dei tollsatsane vi vert utsette for. Vi får høgare toll på ferdige varer, og det greier ikkje vi å konkurrere på, seier han.