I avhøyr med politiet har 28-åringen fortalt at det oppstod ei usemje mellom han og broren, og at det var han som hadde brukt kniven.
Prøvde oppliving
Det vart sett i gang opplivingsforsøk på den 32 år gamle eldstebroren då politi og ambulansepersonell kom til leilegheita hans litt etter klokka 22 søndag kveld. Men knivskadene han hadde i brystet var for store, og livet var ikkje til å redde.
Ringde sjølv
Politiet kom raskt til åstaden. (Foto: Arve Uglum, NRK)
Den yngre broren hans vart pågripen like ved, og det var han sjølv som hadde ringt og bede om legehjelp til broren. Dei to var saman på ein utestad i Sogndal då den eldste broren reiste heim.
Yngstebroren vart verande på utestaden i halvannan time til, fram til omlag klokka 21.30, då han reiste heim til broren - som bur omlag eit kvarters gange frå utestaden. Om lag ein halvtime seinare gjekk drapsalarmen.
Kripos hjelper til
Etterforskarar frå Kripos er venta til Sogndal i dag for å bistå det lokale politiet med tekniske undersøkingar i heimen til den drepne.
28-åringen ringde sjølv og varsla om knivstikkinga. (Foto: Arve Uglum, NRK)