Sogndøl drapssikta i halvanna år Mannen som tok livet av bror sin i Sogndal for snart halvanna år sidan er framleis sikta for drap. Påtalemakta har ikkje bestemt seg for om dei skal ta ut tiltale.
Forlenga varetekt for sogndøl Den 29 år gamle mannen som er sikta for drapet på bror sin i Sogndal 22. august, vart i dag varetektsfengsla i ei veke til.
Rekonstruksjon etter sogndalsdrap Politiet i Sogndal gjennomførte i går ettermiddag ein rekonstruksjon av drapet der ein 29-åring tok livet av den tre år eldre bror sin med kniv.
Retten trur sogndølen ikkje drap br Drapet skjedde i eit husvære i Sogndal søndag kveld. (Foto: Arve Uglum, NRK)Den 29 år gamle sogndølen som drap bror sin, drap han ikkje nødvendigvis med vilje. Det meiner Indre Sogn forhøyrsrett. Politiadvokat Knut Broberg meiner likevel saka er svært alvorleg.
Varetektsfengsla for knivdrapet Åstaden. (Foto: Arve Uglum, NRK)28-åringen som er sikta for forsettleg drap på den fire år eldre bror sin i Sogndal søndag, er varetektsfengsla til 10. september.
Tiltalast for forsettleg drap Foto: Arve UglumPolitiet vil etter alt sannsyn tiltale 28-åringen som drap bror sin med kniv i Sogndal i går kveld for forsettleg drap. Mannen seier sjølv han kjende seg truga og handla i sjølvforsvar - men likevel seier politijurist Knut Broberg at det går mot ei streng sikting.
28-åring vedgår knivdrap på storebr Åstaden måndag føremiddag. (Foto: Arve Uglum, NRK)Ein 28 år gamal mann har vedgått at det var han som tok livet av den eldre bror sin i Sogndal i går kveld. Mannen skal avhøyrast på nytt seinare måndag ettermiddag, og blir mest sannsynleg framstilt for varetekt i morgon, tysdag.
Mann drepen med kniv i Sogndal Ein mann i 30 åra vart stukken ned med kniv og drepen i Sogndal rundt klokka 22 sundag. Politiet har pågripe ein mann i 30-åra på åstaden mistenkt for drapet.