Hopp til innhold

Ingen grunn til å rope hurra for 17. mai-vêret

Nyt finvêr i pinsa. På 17. mai er det berre å kle seg godt, for det blir vått og kjølig.

Det blir regnbyger på nasjonaldagen

HIPP HIPP: Vêret vil truleg legge ein kald og våt dempar på feiringa av nasjonaldagen.

Foto: Kleiven, Paul / Scanpix

– På 17. mai kjem det inn nytt vêr frå nord. Med frontnedbør med aukande sørleg frisk bris på kysten og litt regn over det meste.

Det seier statsmeteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Tone Kristin Taule om vêrprognosane for nasjonaldagen. Med nordavinden som er venta innover fylket blir heller ikkje temperaturen noko å rope hurra for.

Om kvelden kjem nordavinden tilbake og vêret blir litt lettare vêr. Men det ser ut til at store delar av 17. mai blir grå og litt nedbør, og kjøligare.

Inneklemt finvêrsdag

Av prognosane for 17. mai trur meteorologen at måndagen blir ein inneklemt fridag med finvêr.

– Laurdag blir omtrent som i dag. Lågtrykket som styrer vêret no vil trekke seg gradvis nordover, og eit høgtrykk vil komme inn frå vest. Så søndagen vil gradvis bli betre og betre med mindre vind og færre byer.

Både små og store ventar med forventning på den store 17. mai-dagen med is og pølser, og korpsmusikk. Men feiringa smakar best med sol og litt varme. Førebels kan det sjå ut til at finvêrskvoten er brukt opp før pinsa.

Temperaturfall frå sist veke

– Måndag ser veldig bra ut med lite vind og fint vêr over det meste. Det blir ganske skiftande vind måndag.

Tidlegare i veka har vi bada i sol og varm, faktisk har det vore så varmt at det fleire stadar har blitt sendt ut varsel om at det er stor skogbrannfare, og forbod mot å fyre opp eld.

17.mai i Bergen

GRÅTT OG VÅTT: Vêret spelar ikkje på lag med 17. mai-toget i år.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK