NRK Meny
Normal

16-åringar får ikkje røysterett

Etter å ha hatt eit prøveprosjekt gåande i nokre år, der ungdommar har fått røyste ved kommuneval, er det bestemt at alderen for røysterett ikkje vil bli endra.

En kvinne legger stemmeseddelen i valgurnen under et stortingsvalg

UNGDOM FÅR IKKJE STEMME: Ved neste kommuneval vil urnene berre innehalde stemmesetlar frå folk over 18 år.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Du vil sjølvsagt møte ungdom som ikkje er så engasjerte eller har så god peiling, men du vil samstundes møte mange som har god peiling og som vil bruke røysta si før dei er 18, seier nestleiar i Luster AUF, Linda Watten.

Frå 2011 har 20 kommunar i landet har vore med på prøveprosjektet der 16 og 17 åringar har fått røyste ved kommuneval. Watten frå Luster røysta sjølv då ho var 17, og meiner ordninga fungerte godt i hennar kommune.

Held ikkje fram

Grete Ellingsen, statsråd i kommunal- og moderniseringsdepartementet

FORSTÅR SKUFFELSEN: Statsråd, Grete Ellingsen forstår at mange er skuffa, men oppmodar heller til å engasjere ungdommen på andre måtar.

Foto: Torbjørn Tandberg
Ordførar i Luster Ivar Kvalen.

NØGD: Ordførar Ivar Kvalen har vore nøgd med ordninga i si kommune, og ville halde fram med det.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

I kommuneproposisjonen for 2018, kom det fram at det blir ei slutt på prosjektet. Ei evaluering av kommunane skal ha vist at det ikkje har gitt dei resultata ein ønska.

Mellom anna synte det seg at røysting i ung alder ikkje hadde så stor effekt på om ein brukte røysteretten sin i seinare alder, ifølge statssekretær, Grete Ellingsen i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Spesielt i perioden frå ein er 19 år og ut i 20- åra fell mengda som nyttar seg av røysteretten, og det blei ingen forskjell hos dei som røysta frå dei var 16 år, seier Ellingsen.

Det blir heller ikkje foreslått å senke alderen for røysterett frå 18 til 16 år. Ordførar i Luster, Ivar Kvalen meiner ordninga har fungert godt i deira kommune, og hadde ønska at 16-åringar fekk røysterett i alle kommunar.

– Ein burde opna for at dette kunne vore ei permanent ordning, i alle fall i dei kommunane som sjølv ønsker det, seier Kvalen.

Ikkje modne nok?

Det har vore ein diskusjon rundt om ungdommane er modne nok til å kunne vere med å bestemme. Ifølge statssekretær, Grete Ellingsen har undersøkingar vist at 16-åringar er mindre «politisk modne» enn dei som er 18. AUF-nestleiar i Luster meiner ikkje det stemmer i alle tilfelle.

– Eg var på AUF sitt landsmøte i haust. Der var det 16 og 17-åringar som kunne så mykje og hadde så sterke stemmer. Eg meiner dei må få stikke seg ut og bruke stemma si, seier Linda Watten.

Linda Watten om røysterett

DUMT: Linda Watten i AUF synest det er dumt at ikkje dei engasjerte ungdommane skal få ha røysterett.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Ellingsen seier ho forstår at mange er skuffa no, men at det er mykje ein kan gjere i kvar enkelt kommune for at ungdommane skal få delta likevel. Watten spør kvifor ein då ikkje like greitt kunne gi ungdommane røysterett.

– Ungdommane har ei unik moglegheit til å bli høyrt via sosiale media, og media, men då viser dei jo at dei har sterke stemme og sterke meiningar, og god kontroll. Kvifor skal dei då ikkje få ta steget vidare og bruke røysteretta si, spør Watten.

Vegopning på Bergum i Førde kommune