Hopp til innhold

150 nye arbeidsplassar i Høyanger

– Vi er veldig glade for at Saint Jean Industries satsar i Høyanger, seier Halvor Flatland, direktør for Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane.

Video Felgane rullar igjen

VIDEO: Halvor Flatland og Emile Di Serio på pressekonferansen i Høyanger.

Den franske bildelprodusenten Saint Jean Industries tek over felgfabrikken Fundo og startar opp med ny felgproduksjon i Høyanger.

I 2013 satsar selskapet på å produsere 200 000 bilfelgar og det skal sysselsetje rundt 70 personar ved fabrikken. Innan 2015 forventar dei å sysselsette 150 personar.

Reporter Vidar Gudvangen hadde med seg ein glad ordførar, Kjartan Longva, i føremiddagssendinga kvart over elleve. Høyr:

150 tilsette innan fem år

Saint Jean Industries legg opp til ei gradvis opptrapping av produksjon og arbeidsplassar. Om alt går etter planen skal dei vere oppe i 500 000 felgar og 150 tilsette innan 2015.

Les om Fundo i Fylkesleksikonet

– Det er positivt at ein har kome fram til ei løysning med planlagt ny produksjon i Høyanger. Dette bidreg til å sikre arbeidsplassar, og kan få betydelege ringverknader for lokalsamfunnet, seier nærings- og handelsminister Trond Giske.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fundo Wheels i Høyanger

350 MISTA JOBBEN: Då Fundo Wheels gjekk konkurs i starten av 2009 mista 350 personar jobben. No blir det ny produskjon i industrihallane.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Viktig felg for Audi

Det tyske bilmerket Audi har i ei årrekkje vore blant dei viktigaste kundane til Fundo Wheels i Høyanger. Men eventyret tok slutt då verksemda gjekk konkurs i starten av 2009.

Hybridfelgen som vart produsert i Høyanger har vore svært viktig for Audi. Så viktig at dei no vil kjøpe to versjonar av hjulet frå frå Saint Jean Industries som no eig patentet på Fundo-felgen. Det gjer dei allereie for bedrifta har etablert seg i industribygda.

350 mista jobben

Høyanger har vore i store vanskar etter at Fundo Wheels gjekk konkurs . 350 personar mista jobben då hjørnesteinsbedrifta stengde dørene. No er optimismen tilbake, og med 70 nye arbeidsplassar gir dette ny giv til industrikommunen.

Kommunen har kjøpt opp industrihallen og skal leige den ut til franskmennene i 18 år fram i tid.

Det er til no tilsett ein person. Tidlegare produksjonsjef ved Fundo, Ståle Thorbjørnsen, er tilsett som fabrikksjef og har fått oppdraget med å få tilbake viktige nøkkelpersonar.

– Svært etterlengta

Innovasjon Norge har jobba intenst over ei lengre periode med å finne nye eigarar til felgproduksjonen i aluminiums-bygda.

Det har ikkje mangla på tilbod om produksjon i utlandet, men til slutt fann Innovasjon Norge ein eigna partnar som ville satse i Høyanger.

– No har vi fått inn ein global bildelprodusent som kjenner bilmarknaden. Det gir gode føresetnader for å lukkast og skape svært etterlengta arbeidsplassar, seier Halvor Flatland, direktør for Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane.