Hopp til innhold

Store ringverknader etter Fundokonkurs

Fundo-konkursen vil føre til nedskjeringar ved mange underleverandørar. I følgje NAV vil mellom 400 og 500 direkte eller indirekte miste jobben.

Øren hotell
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fundo har vore ein av dei største kundane til Øren Hotell i Høyanger. Hotelleigaren Frode Øren seier konkursen vil få store konsekvensar for hotellet.

- Dei har vore ein god kunde over mange år. Så det tapet av inntekt har vi ikkje sjanse til å kompensere slik eg ser det per no, seier han.

Største kunden

Øren har ikkje oversyn over kor stor inntekt dei har hatt frå Fundo, men seier det er ein monaleg prosentdel av totalomsetnaden. For hotellet i Øren har felgfabrikken Fundo Wheels vore den største kunden, som møtelokale og overnattingsplass for tilreisande. I tillegg har kjøkkenet levert overtidsmat til dei tilsette.

Men Frode Øren trur ikkje han må å seie opp folk som følgje av konkursen.

- Eg håpar ikkje det. Eg ser ikkje for meg korleis vi kan trimme ned aktiviteten. Vi har ein minimumsbemanning akkurat no.

400-500 misser jobben

I følgje tal frå NAV vil mellom 400 og 500 personar misse jobben som ei følgje av Fundo-konkursen. Fundo kjøper varer og tenester for 73 millionar kronar årleg frå heile fylket, og har om lag hundre underleverandørar. Det seier dagleg leiar Ann Kristin Nygård på NAV-kontoret i Høyanger.

- Det vil ramme dei som har hatt oppdrag for Fundo, og det vil ramme Næringslivet i Høyanger med mindre handel. Så det vil slå ut på heile samfunnet, seier ho.

Transportbedrifta Per A. Øren i Høyanger

Fundo var viktigaste kunden til Per A. Øren.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Fundo Wheels har vore den viktigaste kunden til transportselskapet Per A. Øren, som har vore nøydd til å seie opp og permittere 23 tilsette så langt. Konkursen vil føre til ytterlegare kutt, men dagleg leiar Per A. Øren vil enno ikkje seie noko om kor hardt transportverksemda vert råka.

Også reinhaldsselskapet ISS Industri har hatt Fundo som ein viktig kunde.

Misser skatteinntekter

Høyanger kommune fekk inn 27 millionar kroner i skatteinntekter frå Fundo og tilsette i 2007. Også nabokommunane Gaular og Balestrand misser skatteinntekter. Ordførar i Gaular Jenny Følling seier konkursen vil ha fleire ringverknader.

- Innan transportnæringa vil eg tru det er eit område som også rammar Gaular kommune, som er ein stor transportkommune.

Slutt på luksusprodukt.

Frode Øren eig også Høyanger Trelastkompani, der Fundo-tilsette er ei viktig kundegruppe.

- Det er barnefamiliar og ein del yngre som pussar opp og driv på jamt over. Og det vil vi merke når dei ikkje har den inntekta dei har hatt. Då er det slike ting vi driv med, som luksusgoder, det går ut over. Mjølk og brød må alle ha kvar dag, men å male opp romma og tapetsere og skifte farge kan ein vente på til det blir betre tider.