I dommen skriv retten at drapet på Anne Slåtten er gruoppvekkande, og at det ligg føre eit seksuelt motiv. Det skjerpar straffa, slår retten fast i dommen.
Vidare heiter det at "Anne selv ble bare 22 år og hun var helt i starten av sitt voksne liv. I stedet endte hun livet i hendene på en overgriper uten tanke for annet enn behovet for seksuell stimulans hvor Anne ble et tilfeldig offer".
Trur ikkje på Standnes
Øyfred Henning Standnes har under heile rettssaka stått fast på at han ikkje hugsar noko som helst frå drapsnatta. Dette trur ikkje retten på. Dei meiner han ikkje har vist vilje til å gjere opp for seg, og skriv;
"Retten tror ikke på tiltalte når han sier han ikke husker. Det er for mange indikasjoner på at han husker og han kunne - om ikke annet enn av hensyn til de etterlatte - stått frem med sin historie slik at de etterlatte kunne fått fred".
13 år er passande
Aktor la ned påstand om 17 år i fengsel, men retten viser til rettspraksis og meiner 13 år i fengsel er ei passande straff.
I tillegg til fengselsstraffa er Øyfred Henning Standnes dømd til å betale 516.000 kroner i erstatning og oppreising til dei etterletne.
Bistandadvokat Rune Tysse kravde 750.000 kroner på vegne av familien, men fekk ikkje medhald i heile kravet.
Ingen synleg reaksjon
Foreldra og kjærasten til Anne Slåtten var til stades då dommen vart lesen opp i Fjordane tingrett i dag. Det var også familien til 42-åringen frå Bygstad.
Tiltalte viste ingen synlege teikn til reaksjon då tingrettsdommar Terje Mowatt las opp dommen og sa at straffa vart 13 år i fengsel. 42-åringen var nyklipt og oppførte seg like roleg som han gjort gjennom heile rettssaka.
Tok omtenkingstid
Standnes sa han tok omtenkingstid på spørsmålet om han vil anke. Til forsvararen sin Ivar Blikra sa han at han tek dommen tungt, at det er uverkeleg og han held fast på at han er uskuldig.
Det er venta at forsvararane vil anke dommen til lagmannsretten. Dei har tidlegare varsla at dei kom til å anke med bakgrunn i sakshandsamingsfeil dersom dei var usamde i dommen.
Sjukepleiestudenten vart drepen 6. juni i Førde i fjor.