NRK Meny
Normal

115 påkøyrde hjortar - ein tragedie, seier han

Kvart år er det opp mot 400 kollisjonar mellom hjort og bil i Sogn og Fjordane. 2015 ser ut til å bli ekstra ille.

Rudi Sønnervik

– DYRETRAGEDIE: Rudi Sønnervik er leiar i ettersøksutvalet i fylket.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sidan 2011 har mellom 360 og 400 hjortar blitt påkøyrde på vegane våre - kvart år. Dette kostar samfunnet 600 millionar kroner årleg. Denne vinteren har mykje snø i høgda gjort at det har vore mange dyretragediar på starten av året.

For det er tragedie han kallar det, Rudi Sønnervik. Han er leiar for ettersøksutvalet i fylket og ein av dei som må rykke ut med hund og våpen når det har vore ein hjortepåkøyrsel.

– Det vi snakkar om er faktisk ein dyretragedie. Vi påfører 400 hjortar i året ei liding. Men problemet med hjort og trafikk har vi hatt i mange år i Sogn og Fjordane. Det kjem alltid til å vere her, vi må berre forhalde oss til det.

Ofte vanskeleg å finne att

Og det skjer så godt som kvar dag ein eller annan stad i Sogn og Fjordane. Det enklaste er når hjorten ligg att i vegen eller vegkanten. Då er det berre å avlive han. Men svært ofte har dyra kome seg langt unna.

– Tafikkskadd hjort er mykje verre å ettersøke enn hjort som er skadd i jakt. Ein trafikkskadd hjort får ofte beinbrot, og då kan han springe nesten like langt som om han var frisk. Det er i mange tilfelle indre skadar, og det kan ofte gå fleire dagar før vi finn dyret.

Påkøyrd hjort. Illustrasjon.

115 TIL NO I ÅR: Så godt som kvar dag skjer det.

Foto: Andreas Solvik

Og mange påkøyrde hjortar finn dei aldri.

– Nei, dessverre, av og til må vi gi oss sjølv om vi er standhaftige. Vi finn att om lag 60 prosent av dei hjortane vi leitar etter. Med andre ord er det rundt 40 prosent vi ikkje finn.

– Hadde ikkje ein sjanse

Med 115 påkøyrde dyr på to og ein halv månad ligg 2015 an til å bli eit av dei verste åra når det gjeld hjortepåkøyrslar.

Rudi Sønnervik har snakka med mange bilførarar som har køyrt på hjort, og det same går att.

– Dei seier det skjedde så fort at dei ikkje hadde sjanse til å stanse eller svinge unna. Det gjeld både om dei har køyrt i 60 eller 80 kilometer i timen.

Han meiner at det må settast opp fleire gjerde langs dei mest trafikkerte vegane.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast