Ein av dei seks er Alireza Rahedi ved Solbakken asylmottak i Florø. Sjølv om han no byrjar å få store fysiske plagar, har han ingen planar om å gje opp.
Alireza Rahedi sit i ein sofa på Solbakken Asylmottak i Florø. Med seg har han ven og tolk Iraj Ahmad Godarzi Mokri. Stemma til Alireza er svak, han må anstrenge seg for å snakke. Elleve dagar utan mat, berre vatn, har tydeleg teke på. Han er bleik, blikket litt sløra og under heile samtalen held han eine handa på magen.
Plikt
Alireza er ein av til saman seks iranarar frå ulike stader i Norge som no aksjonerer ved å sveltestreike. Målet deira er å få norske styresmakter til å krevje at Iran lauslet den fengsla journalisten og politiske aktivisten Akbar Ganji, og at regjeringa tek eit klarare standpunkt mot det noverande iranske regimet og deira brot på menneskerettane.
- Eg føler at eg gjer mi plikt, seier Alireza.
Ganji er døden nær etter sjølv å ha sveltestreika i over to månader, og Alireza seier norske styresmakter no må gripe inn før det er for seint.
Politisk fange
Alireza kom til Norge for eit år sidan. Han har sjølv vore politisk fange og fengsla i Iran i to og eit halvt år. For ei veke sidan fekk Alireza avslag på søknaden om politisk asyl i Norge, men han uderstrekar på det sterkaste aksjonen ikkje har noko med hans eigen situajson i Norge å gjere.
Alireza har håp om at norske styresmaktene vil legge sterkare press på Iran og for å få lauslete få Akbar Ganji.
- Deira eiga sak
Pressetalskvinne Anne Lene Dale Sandsten i Utanriksdepartementer seier dei har gjort det dei kan i denne saka.
- Dette er ei alvorleg sak, som vi har tatt opp med Teheran to gonger i sommar. Det kan ikkje vere noko tvil om norsk haldning når det gjeld menneskerettane i Iran. Det at dei sultestreikar får vere deira sak, det har ikkje eg nokon kommentar til, seier Sandsten.
Men Reza gir ikkje opp. Han seier han er villig til å gå så langt at han gir sitt eige liv for å få rettferd i Iran.