Hopp til innhold

Redusert nettleige frå september

Straumkundane til Sunnfjord Energi får redusert nettleige frå 1. september. Årsaka er fusjonen med kraftselskapet BKK i Bergen, skriv dei i ei pressemelding. For ein vanleg husstand med normalt forbruk vil den årlege nettleiga verte redusert med om lag 4.500 kroner pr. år. Samla vil reduksjonen gi ei årleg innsparing for straumkundane på kring 30 prosent.

Sunnfjord Energi-adm. i Førde
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK