Hopp til innhold

Stor pågang etter Sommeråpent

Førre veke var Gloppen Camping på Sandane kanskje den mest omtalte campingplassen i Noreg. Då sende Sommeråpent på NRK1 og Reiseradioen direkte derifrå kvar dag. Dagleg leiar Rune Kåre Kjørvik seier dei har merka stor pågang etter at campingplassen hans vart landskjend. – Det har vore over all forventning. Eg har ikkje ord, sa han til NRK under den siste sendinga frå campingplassen. Han vedgår at han var litt spent før NRK var på plass måndag. – Vi har hatt ei kjempeveke. Plutseleg kunne vi berre slappe heilt av. Kjørvik takkar familie og fastbuande for den enorme innsatsen dei la ned.

Rune Kåre Kjørvik
Foto: Skjermdump / NRK