Hopp til innhold

Reagerer på dokumentar

– Det er trist for norsk landbruk at enkeltbønder set heile næringa i eit dårleg lys. Det seier fylkesleiar Anders Felde i bondelaget etter NRK Brennpunkt-dokumentaren «Griseindustriens hemmeligheter» i går. I filmen blir dyr utsett for unødige lidingar og der er elendige haldningar frå bøndene. Felde meiner Mattilsynet bør besøke alle bøndene slik at dei får moglegheit til å rette opp i forholda. – Rettar dei ikkje opp i dette, må dei ut av næringa, seier Felde.

Anders Felde
Foto: Benedikte Grov / NRK