Hopp til innhold

Stolt trenar takkar spelarane

Førde sitt damelag i handball er sikra vidare spel i 1. divisjon etter at dei slo Stabæk heime 33-27 søndag. Sidan Gneist gjekk på stortap mot tabelltopp Sola, er det no ingen sjanse for at Førde rykkjer ned. Førde-laget har slitt denne sesongen med mange skadar og spelarar som har slutta. Trenar Hilmar Gudlaugsson er difor ekstra godt nøgd med innsatsen til dei unge spelarane. Ikkje minst var han glad for at målvakt Andrea Boge Solås spelte ein strålande kamp for heimelaget.