Hopp til innhold

Vil ha fleire hurtigladarar

Sunnfjord Venstre vil ha på plass fleire hurtigladestasjonar for elbil i Førde, det skriv Firda. I dag er det ein slik stasjon i kommunen. Venstre-politikarane viser til at det er veldig mange som pendlar til Førde på arbeid, og meiner det vil vere lønsamt å byggje ut fleire ladestasjonar. Kommunalsjef Trond Ueland seier til avisa at dette er ei problemstilling dei tek med seg i vidare arbeid.

Elbil til lading
Foto: Martin Torstveit / NRK