Hopp til innhold

Store lønsskilnader

Lønene skal harmoniserast i nye Sunnfjord kommune. I dag er det lønsskilnader på leiarlønene på opp mot 300 000 kroner i Gaular, Jølster, Førde og Naustdal, skriv Firda. Dei fire kommunane har kring 100 leiarar. Generelt sett er det Førde som har det høgste lønsnivået.