Hopp til innhold

Førde til finalen

Volleyballherrane til Førde er klare for finalen i sluttspelet. Førde vann 3–2 mot Tromsø på bortebane. – Dette var skikkeleg herleg. Vi jobba hardt i lag, kjempa for kvarandre og klarte å dra sigeren i land, seier ein glad Lars Fredrik Tvinde. No er han og resten av laget klare for to finalekampar. Den første heime mot Viking neste helg, deretter returoppgjer på bortebane.

Førde volleyball
Foto: Førde VBK