Hopp til innhold

Doblar størjekvoten i år

Norge får i år 104 tonn av den internasjonale størjekvoten, noko som er ei dobling av kvoten frå i fjor., det skriv Fiskeribladet Fiskaren. I fjor var fiskebåten MS «Bluefin» frå Flora (bilde) den einaste norske båten som fekk fiske etter makrellstørje. Styresmaktene trur kvoten i år kan delast på to fartøy, men dette er ikkje avgjort enno.

M/S "Bluefin" lossar makrellstørje i Florø.
Foto: Wilhelm Støylen / NRK