Blei ikkje einige om namnet
Kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal møttest i dag for å prøve å bli einige om kva den nye storkommunen skal heite. Dei blei ikkje samde, og dermed må namnevalet bli avgjort i kommunaldepartementet. Førde og Naustdal røysta for å heite Førde, medan dei to andre vil ha namnet Indre Sunnfjord.