Hopp til innhold

På bar bakke etter vald

Politiet veit framleis ikkje kven som slo ned ein mann i 30-åra i Førde i helga. – Mannen vart send til sjukehus med hovudskadar og har ikkje sjølv kunna føra politiet noko nærare gjerningsmannen, fortel lensmann Dag Fiske. Han seier dei framleis er interessert i vitne og tips i saka.

Ein mann overraska ein person som prøvde å ta seg inn i ein av desse bilane natt til søndag.
Foto: Terje Gilleshammer