Hopp til innhold

Mann slått ned då han prøvde å stogge biltjuv

Ein mann vart natt til søndag send til sjukehus med hovudskadar.

Ein mann overraska ein person som prøvde å ta seg inn i ein av desse bilane natt til søndag.

HUNDVEBAKKE: Ein mann overraska ein person som prøvde å ta seg inn i ein av desse bilane natt til søndag.

Foto: Terje Gilleshammer

Hendinga skjedde i området Hundvebakke i Førde. Den skadde har fortalt politiet at han kom over ein person som prøvde å ta seg inn i ein bil, og at vedkomande slo til han. Gjerningspersonen er ukjend, opplyser politiet. Mannen skal ikkje ha blitt alvorleg skadd i hendinga.

Gjerningspersonen prøvde å ta seg inn i denne bilen.

BILEN: Gjerningspersonen prøvde å ta seg inn i denne bilen.

Foto: Terje Gilleshammer

– Vi vil følgje opp saka i dag, seier Kai Henning Myklebust, ved Vest politidistrikt.

Politiet i Førde vart også tilkalla då det vart meldt om krangling ved ein bensinstasjon i sentrum. Stemninga roa seg då dei kom fram, men ein mann i 20-åra har meldt ifrå om at han vart slått til. Han kom uskadd frå hendinga.

Ein mann i Sogndal vart send med ambulanse etter å ha kutta seg på eit knust vindauge inn til eit forretningsbygg i sentrum.

– Det er uklart om han har knust ruta sjølv, vil bli følgt opp av politiet, seier Myklebust.

Hærverk på bil

Same stad hadde tre unge menn mora seg med å rokere på skilt og gjerde i sentrum, men politiet gav dei beskjed om å sette ting på plass att.

Ikkje alle var like velkomne på ein privat fest i Førde. Ein mann i 20-åra vart køyrd heim av politiet, og fekk beskjed om å halde seg heime resten av natta. Det gjorde han ikkje, og den rusa mannen vart meld til politiet etter dette.

Klokka 20:23 laurdag kveld melde politiet om skadeverk på ein parkert VW Passat i Liavegen i Førde. Hærverket skal ha skjedd etter klokka 18:30, og politiet er interesserte i tips i saka.