Hopp til innhold

Skal orientere dei tilsette

I ettermiddag verdt dei 60 tilsette ved Pelagia i Florø orienterte om kva som skal skje med fabrikken. Ingen i leiinga ynskjer å kommentere saka før dei har fått orientert dei tilsette om kva styret har vedteke. Tidlegare i haust vart det kjent at Pelagia skulle redusere talet på anlegg, og at mottaket i Florø var mellom dei som vart vurderte.