Hopp til innhold

Pelagia vurderer nedlegging i Florø

Dei 60 tilsette ved Pelagia Florø vart i går orienterte om at Pelagia skal redusere talet på anlegg, og at mottaket i Florø er mellom dei som blir vurderte.

EWOS i Florø og Pelagia Florø

BLIR VURDERT NEDLAGT: Pelagia sitt anlegg i Florø til venstre, til høgre fiskefôrfabrikken Ewos.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Driftsansvarleg Magnus Strand i fiskerikonsernet Pelagia var i Florø i går og informerte dei tilsette der om planane for framtida.

– Det er aldri kjekt å informere folk om mogelege nedlegginga, men dei skjønnar at talet på arbeidsdagar er veldig få til dømes i Florø i høve til det som burde ha vore målsettinga.

Strand seier at anlegget i Florø har rundt 60 driftsdagar i året og at dei synest det er for lite. Årsaka til at det er så få dagar med drift har med råstofftilgang og kvotar på sild og makrell å gjere.

– Vi vurderer anleggsstrukturen vår fortløpande. På sikt ynskjer vi færre og større anlegg, det er hovudføremålet med ein slik prosess. Kvotane i Norge er for små til å drive alle dei 14 anlegga vi har langs kysten.

– Kor sannsynleg er det at det blir nedlegging i Florø?

– Det blir opp til eigarane etter kvart som eg blir ferdig med den strategiplanen eg har starta på.

Ola Teigen

– DRAMATISK: Ordførar Ola Teigen (Ap) i Flora.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Veldig dramatisk

Ordførar Ola Teigen (Ap) fekk vite om planane i går ettermiddag. Han seier dette er veldig dramatisk både for dei tilsette og for Flora-samfunnet.

– No har vi opplevd betydeleg tap av arbeidsplassar i samband med krisa i oljeindustrien, vi ligg an til å miste 61 arbeidsplassar ved at Sogn og Fjordane politidistrikt blir lagt ned og Skatteetaten flyttar frå byen. No kjem altså denne nyheiten på toppen, at 60 arbeidarar på Pelagia kanskje mister jobben sin.

Ordføraren seier at mange av dei tilsette er førstegenerasjons innvandrarar som etter kvart er kome opp i over 50 år.

– Så dette er ei gruppe som ikkje vil ha den lettaste vegen på arbeidsmarknaden om dei må skaffe seg ny jobb. Dette er veldig dramatisk for dei tilsette. Dette har vore ein veldig god arbeidsplass, med godt arbeidsmiljø, der mange nasjonar har arbeidd side ved side.

Pelagia Kalvåg

EITT AV 14 ANLEGG: Pelagia sitt mottak i Kalvåg i Bremanger.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Satsar på Selje og Måløy

Pelagia har fire anlegg i Sogn og Fjordane: Florø, Kalvåg, Selje og Måløy. Magnus Strand seier at det blir satsa på Selje og Måløy.

– Vi satsar store summar på å investere vidare i Selje og Måløy. Det vi ser for oss er at vi må fase ut fire anlegg langs lysten dei komande to åra.

– Og då er Florø og Kalvåg to av anlegga som blir vurderte?

– Det har eg ikkje sagt. Eg har vore i Florø og starta drøftingane. Det er det einaste eg kan seie om det.

Det tidlegare Skaarfish-anlegget, seinare Norway Pelagic, i Gunhildvågen i Florø vart for to år sidan med i ein fusjon til det som heiter Pelagia, og som har hovudkontor i Bergen.