Held fram etterforskinga
Politiet held framleis på med etterforsking etter at ein barnehagetilsett i Sunnfjord i juni vart sikta for å ha overgrepsbilete av barn, det skriv Firda. Mannen i 30-åra har vedgått delvis straffskuld. Sjølv om det enno blir jobba med å få oversikt over bildematerialet, kjenner politiet seg framleis trygge på at ingen av bileta er eigenproduserte.