NRK Meny
Normal

Barnehagetilsett sikta for overgrepsbilete

Ein mann i Sunnfjord er pågripen for å ha overgrepsbilete av born. Mannen i 30-åra, som jobbar i ein barnehage i Sunnfjord, vart i dag varetektsfengsla i fire veker.

politi illustrasjon
Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Sikta er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod, skriv politiet i ei pressemelding. Politiet har også gjennomført fleire avhøyr av den sikta sine kollegaer.

– Vedkommande blei pågripen i heimen sin tysdag morgon, og vi gjorde beslag i ulike lagringsmedium. Vedkommande er avhøyrt, og han er villig til å forklare seg. Han har delvis vedgått straffskuld for oppbevaring av materialet, fortel regionlensmann i Sunnfjord, Dag Fiske.

Dag fiske er ny lensmann i Førde og Naustdal

MØTE: Regionslensmann i Sunnfjord, Dag Fiske heldt torsdag ettermiddag informasjonsmøte for dei tilsette og foreldra i barnehagen der den arresterte arbeider.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Advokat Ivar Hauge er utpeika som forsvarer. Han vil ikkje kommentere saka på noverande tidspunkt.

Ingen indikasjonar på overgrep

Politiet har så langt ingen indikasjonar på at den sikta mannen har utført overgrep mot born, men i og med at sikta jobbar i ein barnehage har politiet saman med kommunen orientert dei tilsette i barnehagen og foreldre til borna.

– Det er ingenting som tyder på at det har vore overgrep i den aktuelle barnehagen. For å førebygge eventuell uro var vi nøydde til å informere foreldra til borna i barnehagen, seier Fiske.

Foreldra vart orienterte torsdag ettermiddag. Politiet i Sunnfjord fortel at dei fekk vite om saka sist fredag.

– Kripos fann ut av saka ved å overvake nettet. Vi fekk informasjonen på fredag. Førebels har vi berre gjort ein delvis gjennomgang av beslaget av datautstyr. Det er ikkje så omfattande mengde vi har funne, men vi skal gå gjennom meir av materialet, fortel lensmannen.

Saka skal etter det politiet erfarer ikkje vere eit ledd i eit større nettverk.

Sjokkerte foreldre

Fiske fortel at foreldra til borna i barnehagen er urolege.

– Foreldra vart sjokkerte, men vi har som sagt presisert at det ikkje er indikasjonar på at det har vore gjort overgrep. Materialet er truleg ikkje eigenprodusert. No skal vi gå gjennom databeslaget, også skal vi avhøyre personalet i barnehagen.