Torghatten framleis i tenkjeboksen
Torghatten vurderer framleis om dei skal anke Konkurransetilsynet si avgjerd om å nekte oppkjøpet av Fjord1. Tidlegare i juli vart det klart at tilsynet nektar selskapet å ta over Sogn og Fjordane fylkeskommune sin majoritetseigardel i Fjord1. Konsernsjef Brynjar Forbergskog seier til NRK at Torghatten så langt ikkje har bestemt seg om avgjerda skal ankast eller ikkje. Siste frist er 4. august. Fylkeskommunen vil ikkje anke.