I prinsippet skal alle vere like for lova, og dei siste dagane har sorenskrivaren blitt kjent for å kjempe for akkurat dette prinsippet. Men no kjem han altså med kritikk mot politiet for å vere for strenge mot dei som har dårleg råd. Velle seier ein må leggje meir vekt på eit anna prinsipp, nemleg at ein må sjå på ein lovbrytar sin personlege økonomi og betalingsevne før ein skriv ut bøter.
-Politiet for strenge
Politiet er for strenge med bøtene sine overfor folk med dårleg råd. Det seier sorenskrivar i Sogn, Steinar Velle. Han seier det ofte er så ille at han må senke straffa som blir kravd. Han meiner politiet i mange tilfelle er nådelause.
Publisert
Artikkelen er flere år gammel.
Publisert