Velle meiner politiet har feilinformert om fakta i saka, og at dei må gjere greie for kvifor dei ikkje reiste straffesak då advokaten vart teken i 126 kilometer i timen i Lærdalstunnelen.
Anleggsarbeidar fekk fengselsdom
Den etter kvart mykje omtalte advokaten slapp å møte i retten etter å ha råkøyrt i 126 kilometer i timen i Lærdalstunnelen, medan ein anleggsarbeidar som køyrde nøyaktig like fort i den same tunnelen ikkje slapp unna. Han fekk både større bot og fengselsdom på vilkår.
-Ikkje samarbeidsvillig
Politiinspektør ved Sunnmøre politidistrikt, Ingar Bøen, forklarte i førre veke at advokaten tilsto med ein gong og slapp difor med bot. Dette tilbakeviser sorenskrivar Steinar Velle. Han seier saka vart send til retten for rettsleg avhøyr av advokaten fordi han nekta å forklare seg for politiet. Det var difor Velle fekk kjennskap til saka, og det er difor han kan gå politiet sin argumentasjon etter i saumane.
SEFO-gransking
Velle meiner politiinspektør Ingar Bøen har gjort så mange grove feil i denne saka at riksadvokaten må vurdere SEFO-gransking. For Velle finn seg ikkje i slik forskjellsbehandling frå politiet si side. Det er alvorleg at to like saker vert handsama forskjellig, seier han.