Sentrale styresmakter må bli flinkare til å lytte til lokale innspel i vernesaker. Det skriv fylkesmann Oddvar Flæte i ei årsmelding til Miljøverndepartementet. Når kommunar, fylke og fylkesmann blir inviterte til dialog, forventar ein å bli høyrd, men det skjer lite i vernesaker, seier Flæthe.
I sin klare kritikk nemner Fylkesmannen saka om laksefjordar og Naustdal - Gjengedal som eksempel på saker der lokale innspel blir overhøyrde.
Ifølgje Flæte høyrer ikkje sentrale styresmakter på sin lokale representant når det gjeld utforming av føreskrifter. Lokale innspel blir også oversett i samband med spørsmål om skjøtsel og forvalting.
Demokratisk problem
Denne haldninga til sentrale styresmakter er eit demokratisk problem, seier Flæte.
Det blir jobba med god dialog lokalt for å finne løysingar som flest mogeleg kan godta, og det vert lagt mykje arbeid i dette. Men i Direktoratet for naturforvalting, og i miljøverndepartement tek ein lite omsyn til dette, og går vidare med sine opphavelege forslag.
Spel for galleriet
Reaksjonen lokalt blir då at alt snakket om dialog berre er festtaler, og høyringar er eit spel for galleriet. Resultatet er likesæle, noko som er eit trugsmål mot demokratiet, seier Flæthe.