Etter valresultatet i går valde Senterpartiet heller å samarbeidet med Arbeidarpartiet om konstitueringa. Råheim er overraska over det valet.
Ført bak lyset
Råheim føler seg ført bak lyset fordi han, etter å ha snakka med folk i Senterpartiet, trudde samarbeidet ville halde fram. Han seier det har vore diskutert at om Høgre klarte fleirtal, ville det vere store sjansar for eit samarbeid. Råheim seier at trass det dårlege valet har dei eit solid fleirtal i den konstellasjon dei har vore ein del av i fire år.