Hopp til innhold

- Vindmølleaksjonen er usolidarisk

- Egoistisk, usolidarisk og miljøfiendtleg. Det kallar Natur og Ungdom Næringslivsaksjonen mot vindmølleanlegg langs kysten.

Utsira vindmøller
Foto: Tor André Johannessen

Stein Malkenes frå Florø er generalsekretær i aksjonen som opnar i Ålesund tysdag.

Men Natur og Ungdom reagerer kraftig på mobiliseringa mot vindmøller, seier nestleiar Gøril Andreassen.

 

- Bakstreverske næringslivinteresser

- Verda treng fornybar og rein energi for å kutte klimagassutslepp, og då treng vi ikkje bakstreverske næringslivsinteresser.

- Vil øydelegge kysten

Måndag vart det kjent at tidlegare leiar i Naturvernforbundet, Stein Malkenes frå Flora, står i spissen for ei storstila mobilisering av næringslivsfolk mot vindmølleanlegg. Namna på støttespelarane blir offentleggjorde tysdag. Dei meiner vindmøller på opp mot 150 meters høgde vil øydelegge kysten som naturprodukt.

-  Vindindustrilanseringa som no pågår i Noreg med bortimot 4000 vindturbinar under planlegging vil øydelegge heile kystlandskapet, seier Malkenes.

- Visuelle omsyn underordna

Over 100 vindmølleanlegg er under planlegging langs heile kysten. På Bremangerlandet planlegg Vestavind no det som kan bli den største vindmølleparken i landet med opp mot 70 vindmøller. Natur og Ungdom meiner det er viktigare å satse på ny miljøvenleg energi enn å ta visuelle omsyn.

- Vi meiner det er betre å sjå energiproduksjonen enn å sjå konsekvensen av den. Vi kan ikkje la egoistiske næringslivsinteresser diktere miljødebatten. I staden må vi satse på miljøvenleg næringsutvikling, vi treng eit næringsliv som tenkjer på miljøet i staden for å gå baklengs inn i framtida, seier nestleiar Gøril Andreassen i Natur og Ungdom.