Hopp til innhold

- Vi er uskuldige

Vest Tank kunne ikkje vite at innhaldet på tankane var ulovleg eller farleg, seier advokaten til deira, Per Magne Kristiansen.

Vest Tank i Sløvåg
Foto: Ness, Kåre / SCANPIX

- For å seie det veldig enkelt: Ein kan nytte våre tankar mot betaling. Vi har sjølvsagt ingenting med kva den enkelte eigar gjer med den væska dei har, seier Per Magne Kristiansen.

Les og: Ingen kontroll av tankskip

Les meir om Brennpunkt-programmet i kveld her.

Ingen kontroll

I dag får norske styresmakter kritikk for at ingen kontrollerer skip som kjem til norske hamner.

Erik Solheim: - Kan ikkje sjekke alle

Men Statens forureiningstilsyn meiner det er verksemda sitt ansvar å kontrollere at dei ikkje mottek farleg eller ulovleg avfall. Vest Tank vedgår ikkje skuld i ulukka, fordi dei fekk ei anna verksemd til å kontrollere tankane, seier Kristiansen.

- Vi har ingeting med det å gjere. Og hadde vi spurt om det hadde vi sjølvsagt ikkje fått noko svar, seier Kristiansen.

- Men korleis definerer du den bransjen som no blir vist fram?

- Det er enkelt å definere. Det er rett og slett ikkje bra.