Hopp til innhold

Ingen kontroll av tankskip

Vest Tank i Gulen mottok store leveransar av dårleg bensin i månadene før eksplosjonen. Ingen kontrollerte kva som kom.

Vest Tank i Sløvåg
Foto: Ness, Kåre / SCANPIX

- Dette er skremmande for oss. Det norske samfunnet er flinkare til å kontrollere røykelova enn dette, seier ein av naboane til Vest Tank som i går fekk sjå Brennpunkt-dokumentaren om Sløvåg.

Les og: Stadig fleire sjuke i Gulen

Les og: Oljeslammet var svært giftig

Dårleg bensin

Naboane til Vest Tank reagerer sterkt på at ingen norske styresmakter har kontrollert kva som var i skipa som kom til Vest Tank. I månadene før eksplosjonen i Sløvåg leverte dei seks tankskip 150.000 tonn dårleg bensin. For å gjere denne bensinen betre vart svovelen skilt ut og liggjande att i tanken som seinare eksploderte. Den dårlege bensinen vart så ulovleg eksportert og sendt til Vest Afrika. Statens Forureiningstilsyn såg berre på papir og sjekka aldri kva som faktisk var i tankane, seier Harald Sørby, seksjonssjef for konsesjon og industri i SFT.

- Og så er det då bedrifta sitt ansvar å syte for at dei ikkje tek imot noko anna enn det dei har løyve til.

Sjekkar aldri lasta

- Vi går inn på papira. Vi går aldri inn i sjølve lasta, seier John Erik Hagen, regiondirektør i kystverket. Dei sjekkar heller ikkje om lasta er farleg eller ulovleg.

- Tollvesenet er dei som er oftast om bord. Dei kontrollerar fysisk last mot beskriven last, seier Hagen – men blir motsagt av tollvesenet sjølv.

Tolloverinspektør Helge Toft seier dei ikkje sjekkar lasta fysisk.

- Nei det har vi ikkje tid til, seier han.

- Det er det 20 år sidan vi slutta med.

Skremd ordførar

Ordføraren i Gulen, Trude Brosvik, er skremd over avsløringane alle kan sjå i Nrk-programmet Brennpunkt klokka 19.30 i kveld.

- Nasjonen Norge kan ikkje tole å leggje seg så open for kjeltringar. Eg forventar at etter dette programmet kjem regjeringa på bana og seier noko om korleis prøver skal takast i Norge, seier Brosvik.