- Det mildaste eg kan seie om det dei har hatt føre seg dei siste dagane, er at det er klønete framferd. Det har vore brukt ord som prosessuell dugløyse. Det er i alle fall merkeleg, seier den røynde helsepolitikaren frå Årdal.
Kronglete omlegging
Senneset er ikkje imponert over korleis Helse Førde-leiinga har handtert omlegginga av fødetilbodet ved Lærdal sjukehus.
Fødeavdelinga skulle ha blitt omgjort til fødestove måndag 5.januar, men helseføretaket valde i siste sekund å oppretthalde fødetilbodet uendra inntil helseministeren har fatta eit endeleg vedtak. Dei innleigde jordmødrene som i går skulle hatt sin første arbeidsdag, valde å reise heim. Årsaka er at dei kom for å starte ei forsterka fødestove, ikkje for å arbeida på ei fødeavdeling.
- Har langt att
På spørsmål om leiinga i Helse Førde no må skiftast ut, svarar Svein Kåre Senneset slik:
- Det er ikkje min jobb å kaste nokon, men det er heilt klart at dei har langt att når det gjeld korleis ein gjennomfører prosessar. Senneset seier han langt på veg er samd med dei som meiner tabbekvoten no er oppbrukt for leiinga i Helse Førde - i alle fall når det gjeld omlegginga av fødeavdelinga.
Høybråten også ansvarleg
Senneset var mangeårig leiar i helse- og sosialutvalet i fylkeskommunen då fylkeskommunen hadde ansvaret for sjukehusa i Sogn og Fjordane. Han meiner at også helseminister Dagfinn Høybråten må ta sin del av ansvaret for den forvirringa og uvissa som har oppstått.
- Høybråten bør så snart som råd få ut fingeren og setje ein dato for eit føretaksmøte, seier Senneset.