Hopp til innhold

- Truleg Charlotte sine klede

Familiemedlemer stadfestar at kleda som vart funne i Fardøla samsvarer med kleda til den sakna Charlotte Moene.

Leiteaksjon ved Fardøla
Foto: Steinar Lote / NRK

- Dei samsvarar med dei klede som den sakna jenta hadde på seg då ho forsvann måndag 9. juli. Desse kleda tek vi vare på og sender til undersøking, seier lensmann Kristen Olav Grøttebø.

Politiet fryktar at kleda som laurdag vart funne i Fardølelva har ligge for lenge til å gje nyttig informasjon om forsvinninga av 17-åringen. Kleda vert måndag sendt til rettsmedisinsk institutt.

 

Kleda som vart funne her høyrer truleg til den sakna.
Foto: Steinar Lote / NRK

 

Miniubåt kjem i morgon

Charlotte Moene har vore sakna sidan måndag i førre veke. Store leitemannskap har sidan søkt etter den 17 år gamle jenta, utan resultat. Laurdag ettermiddag vart det funne ei bukse og underklede i elva. Klede er vist til familiemedlemmer som stadfestar at dei samsvarer med det Moene hadde på seg då ho forlot heimen. Funnet blir sett på som eit gjennombrot i etterforskinga. I morgon vil ein miniubåt vere på plass for å leite etter jenta i Årdalsvatnet.

- Det er venta at vi får miniubåt i morgon tidleg som skal søke på Årdalsvatnet. Vi har og hatt kontakt i Finland med tanke på hundar og dei vert det teke stilling til i ettermiddag.

Avviklar møtetstad

Kriseteamet avviklar møtestad for ungdom som vart oppretta i samband med leiteaksjon etter Charlotte Moene.

I staden vert det oppretta ein kontakttelefon mellom klokka 16 og 17 kvar dag for personar som treng noko å snakke med. Telefon til Årdal kriseteam er 975 94 393.