Hopp til innhold

- Trudde fjellet skulle dette ned

I mange tiår har John Hjelmeland og kona feriert i sommarhuset sitt i Aurlandsdalen. I natt vart Hjelmeland skremd for første gong – då av eit torevêr han aldri før har sett maken til.

Lyn og torden

UVÊR: Det vart ei skremmande oppleving for John Hjelmeland og kona då lyna slo ned rundt sommarhuset. (Illustrasjonsbilete).

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

– Det tordna og lyna og det varte i ein halv time, minst, seier 67-åringen frå Bergen.

– Det var skremmande, legg han til.

Saman med kona vart han liggjande i stummande mørke på loftet i sommarhuset medan vêrgudane fekk rase frå seg utanfor. Det intense styggevêret slo ut både radio, tv og internett-signal i delar av kommunen.

I tillegg vart også det interne kommunikasjonssambandet mellom naudetatane i Aurland liggjande nede etter midnatt.

– Trudde fjellet skulle dette i hovudet på oss

Både Vêrvarslinga på Vestlandet og SINTEF stadfestar at det i timane rundt midnatt var til dels stor lynaktivitet i området Aurland–Flåm–Gudvangen. Det er vanskeleg å talfeste lynnedslaga, men Hjelmeland opplevde at dei kom svært så tett.

– Vi hadde jo lagt oss på loftet då det begynte. Det var kanskje ein 30 lyn som slo ned rundt oss her, fortel bergensaren.

Sommarhuset til han og kona ligg på ein stad som heiter Loven i Aurlandsdalen, og sjølve geografien her gjorde til at det forferdelege vêret vart ekstra skremmande.

– Dalen her er jo trong og det er høge fjell, så det høyrdest ut som at fjellet skulle dette ned i hovudet på oss, seier Hjelmeland.

– Eg blei litt skremt til slutt av alle smella, det var like før eg lurte på å gå ut i fjøsen, ler han.

Frykta det kunne byrje brenne

Hjelmeland er sjølv utdanna elektroingeniør og frykta difor at lynnedslaga skulle føre til skader på hus og heim.

– Korleis tok du vare på kona når dette stod på?

– Ho er ikkje redd, så ho klarar seg fint. Eg er nok den som ser faren med dette vêret. Det kan jo slå ned både i huset og andre plassar og starte brann, forklarar pensjonisten.

Men til alt hell oppstod det ikkje noko brann i sommarhuset. Men uvêret slo ut naudnettet i kommunen, i tillegg til at fleire vart utan internett, radio og tv. Nokre vart også utan straum, som Hjelmeland og kona på hytta.

– Etter ei stund forsvann lyset, så då vart det jo stummande mørkt. Bortsett frå at lyna lyste opp heile rommet gjennom vindauga og nesten gjennom golvet, seier han.

– Eit kraftig uvêr

Mette Skjerdal i Vêrvarslinga på Vestlandet ser at lynaktiviteten i området rundt Aurland har vore stor i tidsrommet rundt midnatt.

– Det er vanskeleg å talfeste det, men det har vore masse utslag i dette tidsrommet og ikkje så mykje verken før eller etterpå. Så det var nok eit kraftig uvêr, seier Skjerdal til NRK.no.

Ho seier det er typisk at slikt vêr kjem veldig lokalt og at det då kan opplevast veldig intenst.

Etter den skremmande natta håpar John Hjelmeland at det blir lenge til neste gong.

– Det er veldig sjeldan at det er slikt vêr her i området, så no håpar eg at vi har fått nok lynnedslag for fleire år framover, flirer han.

Reinhardt Sørensen i Aurland kommune sa tidlegare i ettermiddag til NRK.no at kommunen håpar trafostasjonane som vart slegne ut skal vere i drift att i løpet av dagen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.