Hopp til innhold

- Tragisk at Kina avlyser møte

Vest-Norges Fiskesals-lag meiner det er tragisk at Kina avlyser møte med Norge om fiskerispørsmål.

Magnar Aasebø

Direktør i salslaget, Magnar Aasebø, meiner utviklinga er svært uheldig.

Foto: Asgeir Jens Reksnes / NRK

Direktør i salslaget, Magnar Aasebø, har frykta at utdelinga av Nobels fredspris til den kinesiske menneskerettsforkjemparen Liu Xiaobo vil provosere kinesiske styresmakter.

Han fryktar at ein svært viktig marknad for norsk torsk og hyse kan forsvinne på grunn av utdelinga.

Skulle møtte viseminister

Onsdag skulle fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen møtt den kinesiske viseministeren for fiskeri- og havbruksspørsmål i Beijing. Men kinesarane har no avlyst dette møtet.

– Dette er tragisk

Salslagsdirektør Aasebø meiner utviklinga er svært uheldig.

– Det er jo tragisk at slikt skjer. Dette viser at Kina har ein heilt annan kultur enn oss. Sjølv om Nobelkomiteen er fristilt politisk, så er det heilt klart at kineserane ser på saka på ein heilt annan måte. Dette vil iallefall ikkje styrkje forholdet til oss når det gjeld eksport av sjømat.