- Terra misbrukte tilliten

Bremanger kommune kjenner seg ført bak lyset av Terra Securities.

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Etter råd og orienteringar frå Terra har kommunen investert framtidige kraftinntekter gjennom Terra Securities

- Terra har heile tida uttrykt at plasseringane var innanfor rammene i gjeldande lovverk og kommunen sitt reglement, seier ordførar Kåre Olav Svarstad.

- Har misbrukt tilliten

Kommunen er førespegla både årleg meiravkastning og låg risiko. Ordføraren beklagar no den usikre situasjonen og legg seg på vegne av kommunestyret langflat over det som har oppstått.

- Kommunen har nytta sin mangeårige samarbeidspartnar Terra, som vi over tid har bygd et tillitsforhold til. Vi ser no at denne tilliten er grovt misbrukt. Ordførar - på vegne av kommunestyret - vil overfor innbyggarane i kommunen beklage at vi har latt oss føre bak lyset på denne måten, seier han.