Regjeringa foreslår også at bedriftene sjølve må betale meir av permitteringstida. I dag betaler bedrifta dei tre første dagane av permitteringsperioden. No vil regjeringa at bedriftene skal betale dei første 30 dagane.
Svekka stillingsvern
Tidlegare kunne tilsette permitterast eit heilt år. Etter nyttår vart dette redusert til 26 veker, men etter massivt press vart tida igjen utvida til 42 veker. Likevel har mellom anna Kleven i Florø sagt opp nesten alle tilsette på grunn av reglane.
I tillegg blir stillingsvernet svekka ved at det vert lettare for bedriftene å leige inn mellombels arbeidskraft.
- Industrifiendtleg politikk
Dagens forslag frå regjeringa overraskar distriktssekretær i Fellesforbundet, Arvid Langeland. Han er overraska over at regjeringa utfordrar stortingsfleirtalet og det som næringslivet har bedt om. Dette er industrifiendtleg politikk, seier Langeland.