Hopp til innhold

- Statsministeren kom for seint

Skuffa arbeidsledige etter Fundo-konkursen konstaterte at Statsminister Jens Stoltenberg kom altfor seint til Høyanger.

Over 300 tilsette mista i januar jobben då felgfabrikken Fundo Wheels gjekk konkurs. Denne veka gjekk siste lass med felgar frå fabrikken. Tre dagar seinare kom statsministeren på besøk.

LES OGSÅ: HAR PRODUSERT SIN SISTE FELG

- Her er vel mange som meiner det er i seinaste laget, meinte tidlegare Fundo-tilsett Rune Strandos.

Kan ikkje knipse

Etter å ha vitja både Florø og Sande, vart statsministeren motteken med applaus i Høyanger. Men det var få som venta noko meir enn runde formuleringar og godord frå statsministeren. Dei fekk rett. Kommunen har allereie fått 37 millionar kroner i krisehjelp frå Staten.

LES OGSÅ: HØYR: STATSMINISTEREN SYNGE BURSDAGSSANGEN

LES OGSÅ: KREV TRYGG VEG AV JENS

LES OGSÅ: TOK KYSTEN OPP MED STOLTENBERG

- Eg skulle gjerne sagt at eg berre kan knipse med hendene, og så har de fleire hundre nye arbeidsplassar. Det er ikkje mogleg, sa han til dei mange frammøtte.

Kan ikkje drøyme

Oppmodinga var å sjå framover, på moglegheitene til å skape nye arbeidsplassar i industribygda.

- Problemet er at Fundo dei siste åra har gått med underskot i fleire år på rad og tapt hundrevis av millionar. Det kan ein ikkje halde fram med, og spesielt ikkje etter at salet fall så mykje. Ein kjem til eit punkt, og det er smertefullt, der ein må akseptere at noko av det gamle forsvinn. Då kan ein ikkje drøyme om det gamle, men konsentrere seg om å lage noko nytt, sa han.

Statsminister Jens Stoltenberg vitjar Høyanger.

Statsminister Jens Stoltenberg tala til forsamlinga på Fundo.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

- Svikta av Ap

For oppsagde ved Fundo Wheels var dette verken rette tidspunktet for besøk, eller den rette bodskapen.

- Han kunne godt vore her tidlegare og brukt pengar på å halde det gåande. Eg kjenner meg så pass svikta av Arbeidarpartiet at eg ikkje vil velgje dei neste gong eg stemmer. Det er trass alt totalt 500 arbeidsplassar som ryker i Høyanger. Det bur 5 000 i kommunen, sa Kjell Magne Mjell.

Kom for å lære

Statsministeren vedgjekk at Høyanger truleg er den kommunen i Norge som har merka finanskrisa hardast. Han meinte det var betre seint enn aldri å komme til bygda.

- Både for å vise at vi bryr oss, men også fordi at å komme og sjå er den beste måten å lære, og dermed bli betre til å lage verkemiddel og tiltak for å sikre nye arbeidsplassar som erstatning for dei som har gått tapt, sa han.

- Vanskelegare å seie nei

Tidlegare tillitsvald ved Fundo Wheels, Erik Flæthe, var likevel glad for at statsministeren tok bryet å besøke Høyanger. Han har ikkje gjeve opp håpet om å produsere hybridhjulet i Høyanger. Det er Innovasjon Norge som sit med patenten til felgen som er utvikla ved Fundo.

- Eg meiner det viktig å få vist fram, og framleis vere aktuelle i nyhendebiletet. Når vi kjem med eit godt prosjekt og treng pengar, så er det så mykje vanskelegare å seie nei. Eg er i grunn godt nøgd med at Stoltenberg seier at er det gode prosjekt, så er det pengar. Det har eg påstått ei stund, seier han.