Når felgen er lakka og tørka, er det berre administrativt arbeid, avfallshandtering og utsending av nokre tusen felgar som står att, før dørene stengjer for godt ved
i Høyanger.- Støyperiet er allereie stogga og avslutta og renseriet er i ferd med å tømmast. Men det er framleis ein del felgar som skal lakkerast og det reknar vi med er gjort i løpet av morgondagen, seier hovudtillitsvald Erik Flæthe ved konkursråka felgfabrikken.
- Letta og trist
At dei tilsette får nokre vemodige siste timar på jobb, er det liten tvil om. Det aller siste skiftet går på klokka 14 i dag. Når skiftet er over, står fleire hundre arbeidarar utan arbeid. Flæthe er både letta og trist over at
. Dei har vore gjennom mange oppturar og nedturar dei siste månadane.HØYR:
- Det er tragedien i dette. På den andre sida, så har dei tilsette fått ein beskjed som dei kan halde seg til. Det er ei lette, seier han.
Dei siste felgane som vart produsert ved Fundo Wheels i Høyanger.
Foto: Cosmin Cosma / NRKFekk utfordringa i fanget
I løpet av ettermiddagen tek NAV til på arbeidet med å registrere arbeidarane som mistar jobben. Ti prosent av innbyggjarane i
står no utan jobb. Konkursen .HØYR:
- Vi har fått tilførd ekstra ressursar og fylkesleddet i NAV er med. Vi vil halde fokus på å orientere dei tilsette og registrere dei, seier leiar i NAV Høyanger, Ann Kristin Nygård.
Den aller siste felgen som vart produsert ved Fundo Wheels i Høyanger.
Foto: Cosmin Cosma / NRK- Borna er prega
Konkursen råkar heile lokalsamfunnet i Høyanger. Også på borna ved Høyanger barneskule ber preg av at det no er mange foreldre som står utan arbeid.
HØYR:
- Vi merkar jo at elevane tenker mykje på det. Vi har elevar der både far og mor misser jobben. Då blir det dramatisk, seier rektor Solveig Berstad Sande.