illustrasjon
Han møtte Statoil i Stavanger i går, og tanken er å leggje opp ei røyrgrein frå gassleidningen som skal gå mellom Kollsnes og Mongstad i Hordaland.
Det bør leggast til at NVE har pålagt Statoil å vurdere ei slik løysing, men i alle høve er det godt nytt for Lutelandet utvikling.
Treng industriplanar
Likevel står mykje att før dei kan gjere seg nytte av eventuelle gassleveransar. Det må vere nokon som vil byggje ut industrien på Lutelandet, og der er dei ikkje komne så mykje lenger.
Og industriambisjonane er store. Målet er at gassen skal brukast som energikjelde til å foredle mineral som rutil, olivin eller anortositt, som blir brukt til aluminiumsproduksjon.
Også CO2 frå gassen trengst i foredlingsprosessen. Dermed ser ein i tillegg for seg eit miljøvenleg gasskraftverk utan CO2-utslepp.
Veit ikkje kor tid
Men mykje av teknologien er framleis på forskingsstadiet. Stein Arne Ottesen torer difor ikkje spå kor tid dei eventuelt kan setje i verk planane. Og Statoil vil også vite kor mykje gass dei skal levere, og når. - Dette er vanskeleg å gje eit konkret svar på no, seier Ottesen.
To oppturar
Men eldsjelene i Fjaler har iallfall hatt to oppturar på kort tid. Måndag vart det kjent at Sunnfjord Energi vil investere 400 millionar kroner i ein vindmøllepark på Lutelandet.
Vindmøllene skal byggjast der dei svarte prikkane er.