EU-kommisjonen krev at det skal stillast ein garanti på ca to kroner og 60 øre per kilo, for å hindre handel under minstepris. Det er enno uklart kven som skal stille garantien.
Ikkje råd til garanti
Men i verste fall må eksportørane garantere for pengane i opptil eitt år. Det kan føre til at eksportørane til saman må setje av ein milliard kroner i død kapital, noko som slett ikkje alle har økonomi til.
OK at dei små døyr
Klaus Hatlebrekke, finansanalytiker hos DNB Finans, meiner dei små eksportørane vil døy ut, men at det faktisk er positivt for næringa. - Dette vil styrke dei større eksportørane på lengre sikt, seier han.