NRK Meny
Normal

- Skulen er limet i bygda

KRONIKK: Skulen. Barnehagen. SFO. Idrettslaget. Utviklingslaget. Skulemusikken. Musikklaget. 4H. Spelemannslaget. Breibandet. Bygdeavisa. Jaktlaget. Det er berre å starte teljinga. Eit skulebygg i nærmiljøet har fantastisk mange funksjonar.

Kjølsdalen Montessoriskule

FRISKULE: Ein grendaskule har så mange funksjonar at mange lokalsamfunn går saman om å etablere friskule.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Logo valkronikk

Ein skulesamanslåing kan ikkje erstatte dei funksjonane ein grendeskule i det lokale nærmiljøet tek i vare året gjennom. Folk flyttar ikkje til utkantane grunna fine grendehus, men grunna gode buforhold, nærleik til skule, barnehage og arbeidsplassar. Skulen. Barnehagen. SFO. Idrettslaget. Utviklingslaget. Skulemusikken. Musikklaget. 4H. Spelemannslaget. Breibandet. Bygdeavisa. Jaktlaget. Det er berre å starte teljinga. Eit skulebygg i nærmiljøet har fantastisk mange funksjonar. Når ein liten nærskule vert truga av nedlegging er det ikkje samfunnsnytta, verdien for lokalmiljøet, nærleiken til læringa i sitt eige nærmiljø som står i fokus for dei som skal ta avgjerda. Det handlar om økonomi. Og litt om kvalitet. Men mest økonomi.

Noreg i dag

Kvifor er landet Noreg eit så godt land å bu i? Kva er det som gjer at samfunnet vi bur i er så trygt og samansveisa, trass i ein langstrakt og spreidd demografi? Er det ikkje fordi vi frå gamalt av og heilt til dei seinare åra har vore vane med å vekse opp i trygge rammar?

Kvifor er landet Noreg eit så godt land å bu i? Kva er det som gjer at samfunnet vi bur i er så trygt og samansveisa, trass i ein langstrakt og spreidd demografi?

Thomas Hals

Det å kjenne dei ein veks opp med, både vaksne og barn. Nærleik til folk på tvers av 2, 3 og kanskje 4 generasjonar. Nærleik til servicefunksjonane. Kjennskap til dei tinga som bind samfunnet saman. Nærleik til dei som styrer. Når skulen forsvinn frå bygda, så forsvinn mykje av det grunnlaget som gjer oss til dei vi er. Hugs at livet lærast frå fødselen av, uansett kva endringar som skjer i kommuneøkonomi og oppvekstpolitikk.

Langsiktig tenking

I utgangspunktet bur ikkje folk i bygda eller i tettstaden sin fire år av gangen. Ein buset seg for å leve livet i dag og for å byggje ei framtid. Eit inntrykk ein får når ein høyrer om kommunale prosessar rundt om i Noreg er at skulestruktur er noko som kjem opp minst kvart fjerde år. Kommunestyra vert utskifta, nye rådmenn kjem til og skulesjefar går. Og ut frå samansetnaden av eit kommunestyre vert det gjort vedtak som kan gjere ein freda skulestruktur til det reinaste minefelt halvåret etter fredinga. Om kommunar over tid manglar ein langsiktig strategi for korleis ein vil at skule- og oppvekstsektoren skal vere, vil det skape grobotn for konfliktar bygder imellom, og sjølvsagt den klassiske sentrum-periferi-polemikken, som fort endar i skitkasting og etter kvart fiendtleg retorikk. Kommunar som legg opp til strategiar som gjer sektoren oversiktleg og til å stole på for brukarane vil nok unngå mykje intern uro blant innbyggjarane og i det politiske og administrative miljø på kommunehuset. I tillegg vil dei ha større sjanse for å sikre kvalitet i den tenesta dei skal levere, enklare rekruttering av ny arbeidskraft og større forståing hjå brukarane for kva ein meiner og vedtek.

Økonomi

Men så var det denne økonomien igjen. Kommunane har over tid fått strengare krav til drifta si og lagt til fleire tenester utover dei lovpålagde. Dette betyr ein skvis mellom kortsiktig økonomisk innsparing og langsiktig strategi for kvart tenesteområde. Små skular blir slik ein «enkel» måte å sleppe «ostehøvelprinsippet» på, og få ei rask innsparing som rådmannen kan godta. Etter kvart vatnast den langsiktige tenkinga ut.

Når kampen er tapt blir skulen nedlagt. Kommunen har fått slanka budsjettet. Politikarar blør. Rådmenn nikkar. Tilbake står eit lokalsamfunn som uansett skal vidare.

Thomas Hals

For som sagt, skulenedlegging handlar mest om økonomi. Difor vil alle gode og viktige argument frå nærmiljøet i kampen for skulen sin tape mot dei store og «viktigaste» argumenta frå utgreiarar og politikarar i kommunen. Når kampen er tapt blir skulen nedlagt. Kommunen har fått slanka budsjettet. Politikarar blør. Rådmenn nikkar. Tilbake står eit lokalsamfunn som uansett skal vidare.

Forandring kan fryde

Mange av desse lokalsamfunna har dei seinare åra sett til dei pedagogiske alternativa eller moglegheita for å starte skule på grunnlag av livssyn. Årsaka er, for det store fleirtalet av desse, at vedtaket som kommunen har gjort ikkje kan erstatte alle dei funksjonane som den næraste skulen tilbyr. Ein ønskjer å ha eit tilbod for barn, unge og vaksne som kan gjere livet utanom kommunesentera mest mogleg variert og fylt med meining. Ein kan ikkje skulde på lokalsamfunna for at dei ønskjer ein oppvekst for barna som er i trygge, nære rammer. Særleg gjeld det dei bygdene og grendene som blir åleine i ei kommune om å miste nærskulen sin. Ein kan ikkje gi pepar til eit lokalsamfunn for engasjementet. Ein kan ikkje gje dei ris for å ønskje størst mogleg aktivitet i nærmiljøet. I staden kan ein gje honnør til dei som ønskjer å halde oppe desentraliserte tenester som held høg kvalitet. Ein kan sjå fordelane som eit pedagogisk alternativ i kommunen kan verte både for den samla oppvekstsektoren i kommune og for kommunen sett utanfrå. Dersom eit lokalsamfunn lukkast med å etablere ein friskule, sit kommunen att med innsparinga, lokalsamfunnet med ein ny skule og ny gneiste. Oppvekstsektoren totalt sett i kommunen sit at med meir midlar enn før ein starta med samanslåing. Og lokalsamfunnet får att «limet» i bygda.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen